Velkomen til Emineo Gruppa
Vil du bu midt i Søvika?
Gullhammarblokka byr på moderne og romslege leiligheiter med god utsikt, samt parkeringskjeller, midt i sentrum av Søvika. 6 av 8 solgt og 1 reservert. Ta kontakt for meir informasjon, privat visning og pris.
Previous
Next

Ny fleirbrukshall i Søvika

Idrettslaget Norborg er ein samlande faktor for bygdene Søvik, Gamlem og Grytestranda. Heilt sidan stiftinga i 1962 har laget engasjert bygdefolket med fotball, badminton og fjelltrim. Når bygdene vaks seg ut av den gamle gymnastikksalen i Søvika tok bygdefolket initiativ og utfordra idrettslaget til å få prosjektert opp og realisert ei ny storstue ved sidan av barneskulen i Søvika.

Den nye og moderne fleirbrukshallen har kapasitet til å samle bygdefolket til store arrangement. Med kafè, samt fleire mindre og mellomstore salar for møter og arrangement i tillegg til full størrelse sportshall med  klatre- og buldrevegg, squashbane og styrketrening- og aktivitetssaler kjem dette til å bli eit populært og viktig samlingspunkt for bygdene og ikkje minst ein viktig arena for å bygge vidare på dei gode badminton- og fotballmiljøa i klubben.

I tillegg til å støtte prosjektet fekk vi  det ærefulle oppdraget med å gjennomføre prosjektet som totalentreprise for byggherren; Norborg Anleggsutvikling. Hallen skal drivast av foreininga Norborg Fleirbrukshall og sto klart til innflytting og bruk sommaren 2021.

Sjå videoen frå byggeplassen her

Emineo Gruppa er eit byggkonsern beståande av 9 selskap som er lokalisert i Søvika i Ålesund kommune. Våre hovudaktivitetar er total- og delentrepriser, bustadbygging, prefabrikering, areal- og eigedomsutvikling samt byggevarer.