Solstrandvegen 89
Velkommen til idylliske Solstrandvegen 89, vårt neste leiligheitsprosjekt i Eidsvika i gamle Haram kommune.
Denne leveransebeskrivinga er utarbeidd for å orientere kjøparen om bygget sine viktigste delemner og funksjonar. Der kan skje avvik mellom leveransebeskrivinga og planteikningane. I desse tilfella er det leveransebeskrivinga som er retningsgivande.
Illustrasjonar i teikningsmaterialet kan vise forhold som ikkje samsvarar med leveransen, som for eksempel møblering, fargeval, dør- og form på vindauge, bygningsmessige detaljar, fellesareal, materialval, blomsterkasser, beplantning, fargesetjing etc.
Videre kan til dømes plassering av vindauge og -storleik i den enkelte leilegheita avvike noko frå dei generelle planane som følgje av den endelege arkitektoniske utforminga og prosjekteringa av bygget. Dette vil seinast finnast ved tilvals- og endringsprosessen for bygget.
Endelege kjøkkenteikningar vil bli utteikna av leverandør, og i denne prosessen kan det skje ei omplassering av enkelte kjøkkenkomponentar.
Prosjektet er under prosjektering og blir byggjemeldt i samsvar med Plan- og bygningslova. Realisering av boligprosjektet skal skje iht. gjeldande lover, forskrifter og krav. TEK 17 vil bli brukt for den tekniske leveransen.
Innflytting
Ferdigstilling/innflytting for leilegheitene er planlagt til 4. kvartal 2022.
Dette under føresetnad om byggjestart seinast i juni 2021, at et tilstrekkeleg antal leilegheiter er seld på førehand, at igangsetjingstillatelse blir gjeve av kommunen og at det blir oppnådd tilfredsstillande byggelånsfinansiering.
Endeleg tidspunkt for overtaking vil bli varsla kjøpar ca. 3 månedar før beregna overtaking. Kjøpar aksepterer at endeleg dato for overtaking blir varsla kjøpar seinast 4 veker før overtaking.
Universell utforming
Alle leilegheitene tilfredsstiller forskriftskrava til tilgang.
Dette gjeld for tilkomsten til leilegheitene. For uteområdet blir forskriftskrava til tilgang tilfredsstilt.
Konstruksjon
Bygget blir utført med bærekonstruksjon i betong, stål og treverk. Etasjeskille blir utført i betong eller betongelement og som trekonstruksjon mellom 1. og 2. etg. Fasaden blir bygd opp som isolerte stenderveggar. Utvendig kledning blir i hovudsak fasadeplater og trekledning.
Balkongkonstruksjon er i betong eller treverk, med Royal terrassebord eller tilsvarande. Balkongar med tett dekke, slik at regnvatn ikkje renn ned til underliggande balkonger. Balkongrekkverk i metall, glas og fasadeplater med handløparar i metall.
Innvendige veggar i leilegheitene er kledd med gipsplater. Skilleveggane mellom leilegheitene vert utført som lydvegg av gips med ekstra påforingar i nokre rom. Andre veggar har overflate i betong, gips eller bygningsplater, for eksempel mot trapperom, boder, inngangsparti m.m.
Netto takhøgde i leilegheitene er 2,4 m.
Standard innvendig behandling
Golv
Fliser bad og vaskerom/bod. Det vil bli muligheit til å velje mellom tre alternative fargar på flis utan pristillegg dersom valet blir gjort for alle våtromma i leilegheita. Entre med laminat «flis» type Tarkett Lamin`Art eller tilsvarande. Alle øvrige rom blir levert med 14 mm 3-stavs parkett i standard eik, matt eik eller lys eik. Du kan velje mellom desse parkettypane utan priskonsekvens dersom valet blir gjort for heile leilegheita.
Sportsbod blir levert med støvbunde/måla betonggolv.
Vegger
Det kan veljast mellom 3 ulike standardfargar dersom valet blir gjort for heile leilegheita. Vegger blir måla i lys farge som standard. På bad leverer vi flislagte vegger. Det vil bli muligheit til å velje mellom tre alternative fargar på flis utan pristillegg. Vaskerom/bod har sokkelflis og baderomspanel på vegg. Baderomsplate type Fibo Trespo, Legato hvit.
Boder med vegger i malt betong. Delevegger leveres som tette vegger (kryssfiner) måla.
Himlingar
Sparkla og måla gipsplate. Eventuelle nedforingar blir behandla på same måte.
Innvendige dører
Kompakte, innvendige dører i kvit, glatt utføring. Dørvridarar og beslag i stål.
Innvendige dører er iht. HC-krav ift. teknisk forskrift. Det samme gjeld tilkomst til/frå bad samt til/frå balkong.
Listverk
Listefri utføring mot himling og vindauge. Taklister kan førekome av konstruksjonsmessige omsyn. Slette, kvite golvlister og dørkarmlister (standard kvit).
Kjøkken
Kvalitetskjøkken frå Sigdal. Innanfor oppgitt tidsfrist vil kjøpar kunne velje kostnadsfritt mellom 3 ulike overflater/typer kjøkken.
- Kjøkkenhøgde frå golv på ca. 2,28 m. Kjøkkeninnreiinga blir ført til tak med kvit foring.
- Demping på alle dører og skuffer er standard
- Kjøkkenfrontar: Vidde, Uno Fjell og Sand
- Utan overskap som standard
- Benkeplate tjukkleik: 30 mm laminat med forkant
- Benkeplate mønster: Kan velje mellom 20-30 ulike typer
- Handtak/grep: Hekken 2, Stål Sort
- Sprutbeskyttelse i glasa med mål 900 mm x 500 mm bak koketopp. Vel mellom fargane Frostet (NCS S 1510-R80B), Hvit (NCS S 0502-G og 0500-N) og Sort (NCS 900-N)
- Kjøkkenøy der dette er innteikna på planteikningane (heile linjer)
- Oppvaskkum nedfelt i benkeplate
- 2-delt søppelsortering i skap under vask
Det vert tilrettelagt for integrert koketopp, steikeovn, oppvaskmaskin samt kombiskap med 2 m høgde (kjøl/frys). Kvitevarer frå Siemens er inkludert. Opplegg for oppvaskmaskin. Det er ikkje høve til å flytte på avløp og vasstilføringar.
Andre kjøkkenløysingar som tilval. Eiga kjøkkenteikning til den enkelte leilegheita blir utarbeidd og levert på tilvalsmøte.
Bad og vaskerom
Kvit innreiing i MDF-kvalitet frå anerkjend leverandør. Stålhandtak eller integrerte grep. Servanter iht. planteikning og servantskap med skuffer. Eitgreps blandebatteri og speil med belysning. Dusjhjørner med innfellbare glasveggar. Veggmonterte, kvite toalett med styringsplate i kvitt. Det er sett av plass til vaskemaskin og tørketrommel og det blir levert opplegg til desse.
Bad og vaskerom har fliser 20×20 cm på golv og 10×10 cm i dusjsona. Veggane på bad har fliser med mål på 20×40 cm. Velg mellom 3 alternative fargar på flisene.
Garderobe
Skyvedørsgarderobe kvit utføring med speilfronter, i nisje entre. Ca. 2 meter skyvedørsgarderobe kvit med eit speilfelt, for hovudsoverom. Øvrige soverom kvit garderobe med slagdører, 1 meter garderobeskap pr. sengeplass. I fleire rom er det muligheit for breiare garderobeskap. Utviding av skyvedørs- garderober kan leverast som tilval.
Vindauge/dører med vindauge
Trevindauge med utvendig aluminium. Listefri utføring mot vegger.
Inngangsdør til leiligheit
Glatte dørblad i kontrastfarge med kikkhol. Rette og enkle dørvridarar og beslag av rustfritt stål. Inngangsdører blir levert med FG-godkjent lås.
Ventilasjon
Balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning og integrert varmtvassbereder og luft-til-vatn varmepumpe, type Nibe. Nibe varmepumpe plassert på vaskerom/bod. Det må påreknast synlege nedforingar for ventilasjonskanalar over pumpe. Tillufts- og avtrekksventilar blir plassert ihht. forskrift.
Elektrisk/belysning/TV/Data
Det elektriske anlegget blir i hovudsak utført som skjult installasjon. Sikringsskap for leilegheit med automatsikringar blir plassert i entre. TV-uttak i stue. Linjeleige for breibandsabonnement for alle i sameiget blir inkludert i fellesutgiftene. Ønska breibandshastigheit blir bestilt og fakturert kvar enkelt bebuar. Også muligheit for å kjøpe evt. TV-pakke gjennom breiband-leverandør.
Dørcalling med monitor og automatisk døråpnar.
LED-downlights i himlingar i entre, korridor, bad og ved kjøkken. Levert med dimming. I kjøkken LED-lys under overskap. Meir LED-downlights belysning som tilval. For lyspunkt i himling blir stikkontakt levert i overgang mellom himling og vegg. Det kan førekomme endringar av plassering elektriske punkt. Det blir levert ca ei dobbel stikkontakt per 4 kvm golvareal i kjøkken, stue og soverom. Alle rom får stikkontakter og lampepunkt som dekker eit normal-behov og etter krav.
På balkonger lyspunkt under overliggande balkong/takutstikk og ei dobbel stikkontakt.
Brannslokkingsutstyr og røykvarslarar blir levert iht. forskrift.
Oppvarming/Energi
Vassbåren golvvarme tilknytta luft-til-vann Nibe varmepumpe, med termostat, for bad, vaskerom/bod, entre, korridor og stue/kjøkken. I soverom blir det ikkje levert oppvarming.
Leilegheitene blir levert med energimerke C eller bedre.
Teikningar og teknisk anlegg
Tekniske anlegg og framføringar til desse blir ikkje vist i teikningar som er omfatta av kjøpekontrakta. Endeleg plassering av desse blir bestemt av kva som er hensiktsmessig og nødvendig. Det tas atterhald om endringar på planteikningar som følje av nødvendige sjakter og framføringar for ventilasjon og tekniske installasjonar.
Fellesareal
Hovudinngangsdør med entre. Golv og trapper i fellesareal blir levert med flis. Vegger sparkla og måla. I inngangspartier og felles korridor, himling som måla betong.
Postkasser ved inngangsparti. Uttak for vatn ved utside parkeringskjeller og bakside ved hovudinngangsparti 1. etg.
Heis
Heis til alle etasjer frå fellesgang ved parkeringskjeller.
Trapper
Hovudtrapp med flis. Handløper i metall. Rekkverk av stålspiler, alternativt med glas.
Parkering
Hovudparkering i felles underjordisk garasjeanlegg på oppmerka parkeringsplasser. Parkeringskjelleren får dekke av asfalt eller betong. Det vil vere ein parkeringsplass til kvar leilegheit. For dei som ønsker kan dei kjøpe ein ekstra parkeringsplass i parkeringskjelleren, om dette er tilgjengeleg ved kontraktsinngåing.
Parkeringsplass for bevegelseshemma i parkeringskjelleren. Parkeringsanlegget får garasjeport med to portåpnarar til kvar leilegheit. Vegger og himling i parkeringskjeller blir måla i lys farge. Det blir i tillegg opparbeida gjesteparkering ute på terreng.
Generell breidde på p-plasser er 2,5 meter. Søyler og betongkonstruksjoner kan påverke dette. Der dørene blir åpna vil breidda vere på 2,5 m.
Sykkelparkering
Det er avsett plass til sykkelparkering i eiga sykkelbod ved parkeringskjeller.
Boder
I tillegg til innvendig vaskerom/bod i leilegheita, får kvar leilegheit også ei bod i parkeringskjeller. Boda blir på minst 6 kvm og blir levert med belysning.
Utomhus
Utomhusområdet rundt bygget vil bli opparbeidd med gangveg, grøntareal og parkeringsareal. Grøntarealet blir tilsådd. Tilkomst til hovudinnganger på bakside vil ha fast dekke med støpt plate og trapp. Vegareal og parkeringsplass blir asfaltert.
Søppel i eige renovasjonsrom ved parkeringskjeller, med plass for bossdunker og kildesortering.
FDV – Boligmappa
Kvar kjøpar vil ved overtaking få FDV-dokumentasjon som viser kva for materialer, produkt og fargeval som er i leilegheita og adresselister med oversikt over kontaktpersoner/selskaper som er ansvarlige for forskjellige typer arbeid og vedlikehold. Vi bruker Boligmappa til dette formålet.
Atterhald
Salsprospekt og leveransebeskrivinga er utarbeida for å orientere om prosjektet sine generelle bestanddeler og funksjonar.
Generelle beskrivingar av prosjektet i sals- og markedsføringsmateriell vil ikkje passe for alle boliger. Kjøpar blir derfor særskilt oppfordra til å vurdere solforhold, utsikt, parkering, beliggenheit i forhold terreng og omkring-liggande eksisterande og framtidig bygningsmasse m.m. før eit eventuelt kjøp. Det kan vere avvik mellom planskisser, planløysningar og teikningar som er presentert i prospektet, og den endelege leveransen. Slike avvik utgjer ingen mangel ved seljar sin leveranse som gjev kjøpar rett til prisavslag eller erstatning. Dersom det er avvik mellom teikningar i prospekt/ internettside og leveransebeskrivinga i den endelege kontrakta med kjøpar, vil leveransebeskrivinga ha forrett og omfanget av leveransen er begrensa til denne. Det vises elles til kundeteikningar og kjøpekontrakt med vedlegg. Alle illustrasjonar, 3D animasjoner, skisser, «møblerte» planteikningar m.m. er kun meint å danne eit inntrykk av den ferdige busetnaden, og kan ikkje blir rekna som endeleg leveranse. Innteikna utstyr/inventar følger ikkje med, med unntak av kvitevarer på kjøkken. Det kan derfor framkomme element i presentasjonsmaterialet som ikkje inngår i leveransen.
Sjakter, innkassingar ol. og VVS føringar er ikkje endeleg teikna inn. Det blir gjort oppmerksom på at utomhusplanen i salsprospektet ikkje er ferdig detaljprosjektert. Forstøtningsmurer, evt. fallsikringar, belysning, fordelerskap, benker m.m., kummer og liknande vil bli plassert slik det er mest hensiktsmessig i forhold til terrenget. Seljar har rett til å gjere endringar i prosjektet som ikkje vesentlig skjemmer prosjektet sin kvalitet eller standard, herunder arkitektoniske endringar, materialval, mindre endringar i konstruksjon, rørgjennomføringar og/eller tomtetilpassingar. Slike endringar er ikkje å rekne som mangel ved ytelsen. Det samme gjeld dei endringar som må gjerast som følje av kommunen si byggesaksbehandling og krav i ramme- og igangsetjingstillatelser, samt andre offentlege tillatingar. Seljar vil, så langt det er praktisk muleg, informere kjøpar om slike endringar.
Seljar atterheld seg retten til å organisere fellesparkering og renovasjonsdunker på den måten som blir rekna for mest hensiktsmessig, for eksempel som ein del av sameiget sitt fellesareal som tilleggsareal til den enkelte seksjon eller som særskilt anleggseiendom.
Det forutsett at skjøtet tinglysast i kjøpars navn. Dersom interessent ikkje ønskjer tinglysning av skjøte, må det takast atterhald om dette i midlertidig kjøpsavtale, og seljar står fritt til å forkaste eit slikt kjøpstilbud på fritt grunnlag.
Utbyggjar tek atterhald om at det oppnås endeleg offentleg godkjenning og eit tilstrekkeleg sal på førehand. Ved overtaking må det påreknast at det står att mindre utvendige eller innvendige arbeid på eigedomen sine fellesareal. Etter at styret i sameiget er etablert, og før overtaking av dei enkelte seksjonane, vil seljar kalle inn sameiget sitt styre til overtaking av sameiget sine fellesareal. Kjøpar må akseptere at sameiget sitt styre skal representere alle sameigarane ved overtaking av fellesareala. Seljar tek atterhald om å gjere endringar/omregulering av omkringliggande busetnad, eventuelle endringar av utomhusarealer i forhold til det som er presentert for kjøpar. Det blir generelt teke atterhald om Ålesund kommune si saksbehandling og eventuell justering i framtida for overtaking/innflytting, heimelsoverføring med videre som følge av det.
Seljar står fritt til å akseptere eller avslå eitkvart sal, herunder bestemme om dei vil akseptere sal til selskap, samt om dei vil akseptere sal av fleire leilegheiter til same kjøpar. Seljar atterheld seg retten til utan varsel å kunne endre prisar og betingelsar for uselde leilegheiter.
Eventuelle sal byggjer på inngått på seljars standard kjøpekontrakt som vil bli benytta ved alle sal. Sjå eige kontraktsdokument som forutsett gjennomgått før sal blir inngått. Seljar tek atterhald om å gjere justeringar i kontrakta som følje av offentlige krav m.m. Videre har seljar anledning til å avvise sal til kjøparar som måtte motsette seg, nytte eller kreve endringar i standard kjøpekontrakt.
Atterhald om manglar og trykkfeil i leveransebeskriving og prospekt.
Det vil verte høve for tilval og endringar innan nærmere fastsette fristar. Tilvala vil omfatte ekstra parkeringsplass , alternative parketter og fliser, ekstra el-installasjonar, smarthusstyring, belysning og datapunkt, ladepunkt for elbil samt utvendig solskjerming. Seljar vil i god tid før innreiingsarbeidet startar utarbeide ei tilvalsliste med priser og fristar.
I tabellen under finn du oversikt over leiligheitene, dersom du klikkar på leiligheitsnummeret så får du lasta ned teikninga for den aktuelle leiligheita. Etasjeplanen for begge leiligheitsetasjane samt parkeringskjellaren med boder lastar du ned ved å klikke på denne linken
Leiligheit | Etasje | Storleik (kvm) | Pris | Status | Venteliste |
---|---|---|---|---|---|
1 | 1 | 86,8 | 4 890 000,- | ||
2 | 1 | 88,0 | 4 840 000,- | ||
3 | 1 | 90,6 | 4 890 000,- | ||
4 | 2 | 86,8 | 4 990 000,- | ||
5 | 2 | 88,0 | 4 940 000,- | ||
6 | 2 | 90,3 | 4 990 000,- | Reservert |
Merk at nokon av leiligheitene allerede har reservasjonar ved seg, dette er potensielle kjøparar som har vore kjent med og har venta på prosjektet gjennom utviklingsprosessen. Eventuelle kjøparar som er interesserte i samme leiligheit vert sett på venteliste fram til den første interessenten har stadfesta eller frafalle si tinging.
Vi kjem til å ta i mot og halde reservasjonar i inntil 14 kalenderdagar frå desse vert registrerte, etter denne perioda vil vi kunne tilby reserverte leiligheiter til andre interessentar utan nærmare varsel.
Ta kontakt om du er interessert i å tinge ei leiligheit eller om du har spørsmål om prosjektet.
Stian Volstad, stian.volstad@emineo.no eller telefon 91333820
Ståle Hurlen, staale.hurlen@emineo.no eller telefon 97151614